Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt i Ålesund

Høyringsfrist:
28. august 2017 23:00

Veidekke Industri AS søker om løyve etter forureiningslova til å ta imot og mellomlagre brukt asfalt i verksemda sitt asfaltverk i Bingsa i Ålesund kommune. Det er søkt om eit årleg mottak av inntil 50 000 tonn returasfalt.

Publisert 17.07.2017

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenkene til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Ålesund kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 28.08.17.