Søknad om løyve til mottak, handsaming og mellomlagring av kasserte fritidsbåtar

Høyringsfrist:
15. november 2017 23:43

Norsk Gjenvinning AS søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak, mellomlagring, handsaming og sanering av kasserte fritidsbåtar i Kristiansund kommune.

Publisert 13.10.2017

Båtane skal kvernast etter sanering. Aktiviteten skal skje på verksemdas område i Dalegata 137.

Eit løyve vil bli heimla i forureiningslova.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida. Dei er òg lagt ut på servicetorget til Kristiansund kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir send til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 15.11.2017.

Høyringsfrist:
15. november 2017 23:43