Søknad om løyve etter forureiningslova til mottak og handtering av kasserte køyretøy

Høyringsfrist:
21. juli 2017 23:00

Ålesund Bilsenter AS søker om løyve til mottak og behandling av kasserte køyretøy, utskriving av vrakmelding i Ålesund Kommune. Eit løyve vil bli heimla i forureiningslova.

Publisert 15.06.2017

Verksemda ønskjer å kunne ta i mot, handtere og skrive ut vrakmelding til opptil 360 kasserte bilvrak årleg. Det søkast om å kunne lagre inntil 5 ferdig sanerte bilvrak på verksemdas område til ein kvar tid.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkene til høgre på denne sida. Dei er òg lagt ut på servicetorget i Ålesund kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 21.07.2017.

Høyringsfrist:
21. juli 2017 23:00