Søknad om løyve etter forureiningslova på Tynes i Sykkylven

Høyringsfrist:
25. oktober 2017 23:30

J.E. Ekornes AS avd. Tynes søkjer om løyve til utslepp frå flisfyringsanlegg ved
bedrifta sin fabrikk i Tynesvegen 60 i Sykkylven kommune.

Publisert 20.09.2017

Det er søkt om å få brenne inntil 400 tonn flis årleg. Flismaterialet er treavfall i form av bøkefinér og laminat produsert ved fabrikken. Verksemda søker også om utslepp av restar av limvatn. Søknaden gjeld eksisterande utslepp. 

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenka til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Sykkylven kommune. 

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 25.10.17.

Høyringsfrist:
25. oktober 2017 23:30