Mudring og deponering ved Gjerdsvika på Gurskøya

Høyringsfrist:
5. januar 2017 23:00

Kystverket søkjer om løyve til å utdjupe hamnebassenget.

Publisert 22.11.2016

Dei ønskjer å mudre om lag 202 000 m3 med masser over eit areal på om lag 60 000 m2. Ein stor del av massane skal deponerast i eit strandkantdeponi innanfor det moloavgrensa hamnebassenget. Tiltaket er planlagt starta opp i 2017 og er venta å ta om lag eitt år å gjennomføre. Sjøbotnen i tiltaksområda er stadvis forureina, i hovudsak med TBT og PAH-forbindingar.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta blir også lagt ut på heimesida til Sande kommune.

Eventuelle merknadar kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 5. januar 2017.