Mudring, dumping og utfylling i sjø i Aure kommune

Høyringsfrist:
21. august 2017 23:00

SalMar Settefisk AS har revidert søknaden om løyve til tiltak i Kjørsvikbugen.

 

Publisert 02.06.2017

Søknaden har vore på høyring sida starten av juni, men er no revidert på fleire punkt.

Området som skal mudrast og fyllast ut er flytta noko austover slik at det no berre skal mudrast i reint sediment. Totalt skal det mudrast om lag 28 000 m3 over eit areal på 7 300 m2. Så skal det fyllast ut med om lag 75 000 m3 sprengstein.

I den reviderte søknaden drøftast fleire moglege plassar i sjøen å dumpe muddermassane.

Plana er at tiltaka skal gjennomførast hausten og vinteren 2017.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida.

Eventuelle merknadar kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde. Ny frist for å kome med innspel er 21. august 2017.