Smittevern i influensasesong og utbrotet av koronavirus

Illustrasjonsfoto (foto: DSB)
Illustrasjonsfoto (foto: DSB)

Vi er inne i ei tid med sesonginfluensa, i tillegg til utbrotet av koronaviruset i Kina. Dei førebyggjande råda til innbyggjarane er dei same som ved influensa.

Først og fremst er det viktig å streke under at nasjonale helsemyndigheiter er tydelege på at vi skal leve som normalt. Men i ei tid med influensa er det uansett viktig med gode rutinar for t.d. handhygiene.

Myndigheitene har merksemd på å oppmode alle om å gjere enkle smitteverntiltak for å ta omsyn og avgrense smittespreiing. Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand frå før, og som vil kunne få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av influensasjukdom.

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak:

  • Bruk papirlommetørkle foran munn og nase for å beskytte andre, dersom du hostar eller nyser. Kast lommetørkleet etter bruk, og vask deretter hendene.
  • Bruk albogekroken når du må hoste og nyse, og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise.

Vedlagt artikkelen er lenke til Helsedirektoratet sine nettsider, der ein finn plakatar og informasjonmateriell. Særleg smittevernplakat med generelle råd til alle innbyggjarar (slik dei er lista over), vil i desse dagar kunne bli å sjå rundt omkring i samfunnet, til dømes på offentleg transport, i skular og barnehagar. Der er det òg plakatar med råd til reisande og informasjonsskriv til dei som jobbar med reisande, dersom nokon skulle ha vore utsett for smittefare frå koronaviruset. Desse er å sjå t.d. på flyplassar.

Helsemyndigheitene følgjer situasjonen tett, og dersom den skulle endre seg vil det raskt bli gitt informasjon.

Munnbind?

I media ser ein ofte at sivilbefolkninga i ulike land brukar munnbind når dei ferdast ute i samfunnet, tilsynelatande for å beskytte seg mot luftvegsvirus. Nokre lurer gjerne på om dette er noko ein burde vurdere å gjere sjølv, dersom ein skulle kome i ein situasjon med fare for å kunne bli smitta av t.d. coronaviruset. Dette er ikkje anbefalt å ta i bruk som privatperson, tvert om.

Det er svært lite som tyder på at bruk av munnbind hjå friske menneske i vanleg sosial omgang har nokon effekt – tvert om kan munnbind ved feil bruk føre til auka risiko for smitte og sjukdom. Munnbind er konstruert for å hindre smitte frå helsepersonell til sårbare pasientar, altså er dei laga for å unngå smittespreiing frå den som bruker munnbindet.

Det er òg vanskeleg å bruke munnbind riktig utan trening, dei er laga for eingongsbruk og krev gode rutinar ved bruk. Feil bruk kan gi motsett effekt av det ein ønskjer: større smittespreiing. Folkehelseinstituttet har publisert ein artikkel som forklarar meir om dette.

Kva gjer ein dersom ein mistenker at ein kan ha vore utsett for smitte av koronavirus, til dømes ved reise utanlands?

  • Kontakt fastlege/legevakt per telefon for å avtale prøvetaking og timeavtale/behandling.


For meir informasjon om sesonginfluensa og koronavirus, sjå nettsidene til Helse Norge og Folkehelseinstituttet (FHI).