Sjekk kartet før du plukkar ramsløk!

Ramsløk.
Ramsløk. Foto: CC2.0 / Gailhampshire.

Sesongen for plukking av ramsløk er i gang. Men viss du plukkar i eit verneområde kan det vera forbode.

Publisert 21.03.2024

Pesto-trend gir slitasje

Ein trend dei seinare år er å bruka blada til å laga pesto, og mange plukkar store mengder som hamnar på kjøkkenbenken. Ramsløk veks i nokre av Vestfold og Telemark sine rikaste edellauvskogar. Nokre av desse er verna, og her er det i hovudregelen forbode å plukka planter.

- Vi har fått meldingar om at ein no ser slitasje på bestand av ramsløk i enkelte av verneområda, fortel fagsjef Arne Christian Geving på miljøavdelinga hos Statsforvaltaren. – Dette handlar nok først og fremst om uvitenhet.

Strandvika naturreservat er døme på eit naturreservat med ramsløk-forekomstar. Men her er det forbode å plukka plantar.
Strandvika naturreservat er døme på eit naturreservat med ramsløk-forekomstar. Men her er det forbode å plukka plantar. Foto: SFVT.

Sjekk kartet før du plukkar

Artsdatabanken har kart over registrerte forkomstar. Samtidig kan du sjå kvar det er verneområde, slik at du ikkje plukkar uloveleg.

Sjekk kartet over ramsløk på Artsdatabanken.no


Forbode i fleire naturreservat

I Vestfold og Telemark har vi tre kjente naturvernområde med ramsløk der ein har aukande bekymring på grunn av mykje plukking:

I alle tre områda er det forbudt å plukke ramsløk.

Plant ramsløk i eigen hage

Hugs at du og kan plante ramsløk i eigen hage. Hagesentra seljer frø og plantar, og kan gje gode råd.

Du kan kjøpe ferdige plantar på hagesentra.
Du kan kjøpe ferdige plantar på hagesentra. Foto: CC2.0 / Blumenbiene.

Lenke til meir informasjon om "nordens kvitlauk" og nokre gode "ramsløkvettreglar"

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00