Industrien må betale gebyr for eigenkontrollrapportar

Frå i år må verksemder med løyve etter forureiningslova betale gebyr for styresmaktene si sakshandsaming av eigenkontroll.

Publisert 10.01.2024

Forureinar betaler-prinsippet tilseier at det er dei forureinande verksemdene som må ta kostnadane knytt til arbeid med løyve etter forureiningsforskrifta og tilsyn med at regelverket blir følgt. Kapittel 39 i forureiningsforskrifta gir reglar for gebyr til statskassa for styresmaktene sitt arbeid med løyve og med kontroll etter forureiningslova.

Verksemder må betale gebyr for eigenkontrollrapportar frå 2024

Klima og Miljødepartementet vedtok 21. august 2023 ei endring av kapittel 39 i forureiningsforskrifta. Endringa inneber innføring av gebyr for sakshandsaming av eigenkontrollrapportar frå industrien hos statsforvaltarane og Miljødirektoratet.

Dette medfører at verksemder, som har løyve frå Statsforvaltaren og krav om årleg eigenkontrollrapportering, vil måtte betale gebyr for Statsforvaltaren si handsaming av eigenkontrollrapportar frå og med i år.

For vårt arbeid med eigenkontrollrapportar skal verksemdene betale eit gebyr tilsvarande sats 6 i § 39-7, jf. § 39-5. I 2024 er det eit gebyr på 3 900 kr.

Les meir om endringane på Miljødirektoratet sine nettsider.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding