Almesjuken slår til - kva gjer vi?

I Sandefjord blei det nyleg funne daude og svekka tre på grunn av almesjuken. Kva gjer vi når almesjuken slår til? Professor emeritus Halvor Solheim har svar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.07.2020

Når eit tre får almesjuke, blir blada brune og krøllar seg. Kvist og greinar dør, og ganske raskt følgjer heile treet etter. Om ein skjer i ein kvist eller grein, vil ein ofte sjå ein mørk ring eller mørke flekkjer i veden.

Spreiing

Almesjuke blir spreidd på fleire måtar, m.a. med almesplintborar. Billa får med seg sporar på kroppen frå eit tre med almesjuke og spreier soppsjukdommen til eit nytt tre når ho gjer næringsgnag. Billa er imidlertid ikkje så god til å flyge. Når det er vindstille, har ho ein flygeradius på 3-400 m. I medvind kjem ho lenger.
Via rotkontakt kan soppsjukdommen smitte nye almetre i nærleiken av sjuke almer.

For å unngå smittespreiing når ein skjer eller klipper alm med almesjuke, må ein gjere rein skjerereiskapen før ein nytter han på andre almetre.

Transport av infiserte almetre til andre stadar, kan truleg også føre til smittespreiing av almesjuken.

Almesjukesoppen drep almetrea raskt etter infeksjon.

Professor emeritus Halvor Solheim slår fast at det er angrep av almesjuke i Sandefjord

Kva gjer vi?

Om ein har fått almesjuke tre i Vestfold og Grenland, er det viktig at dei ikkje blir felt og flytta til område utan smitte. Trea kan t.d. nyttast til ved.

Om ein vil plante nye tre til erstatning for tre med almesjuke, kan ein velje resistent alm som toler angrep av almesjuke eller ein kan velje andre treslag, til dømes lind.

For alm i nærleiken av tre med almesjuke, kan ein sprøyte inn eit middel som «vaksinerar» alma.

Utbreiing i Vestfold og Telemark

Alm er eit edellauvtre og veks hovudsakleg i varme, sørvende lier. Ho finst i heile Vestfold og Telemark. Almesjuken er godt kjent i Vestfold og Telemark.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.