Fjellandbrukssatsing i Vestfold og Telemark

Foto: Anne Aasmundsen
Oppdatert 13.12.2023

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har fått midlar for eit nytt år med satsing innan fjellandbruket i fylket. Dette er ei satsing som starta opp i 2019. Vestfold og Telemark er ein av dei fire regionane som skal ha ei spesiell satsing innan fjellandbruket. Dei andre regionane er Innlandet, Oslo og Viken og Trøndelag.

Vi er tildelt 750 000 kroner for året 2024.

Målgruppe: Prosjekt for fjellandbruket i kommunane Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Hjartdal og Tinn.

Kven kan søkje: Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ymse samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruk og landbruksbasera næringar i fjellområda.

Vi legg til grunn ei målsetting om å styrke grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellområda innafor tradisjonelt landbruk, seterbruk og bygdenæringar. Tilskotet skal stimulere til auka utvikling og bruk av landbruket sine ressursar i fjellområda. Frå 2024 er vi særleg opptekne av å fremja seterbruk og den immaterielle kulturarven.

Det er ei målsetting at prosjekta gjev konkrete resultat som auka verdiskaping, aktivitet og rekruttering. Det er ynskjeleg med tiltak på tvers av kommunane.

Til høgre ligg ei oversikt over prosjekt/tiltak som i 2023 fekk tilskot frå fjellandbruksmidlane. Nokre av prosjekta/tiltaka vil halde fram over fleire år. Vi vil prioritere søknadar som er i tråd med desse føringane.

Det kan gjevast tilskot med inntil 75 % av dei totale prosjektkostnadane. Eigen finansiering (eigeninnsats, eigne midlar ol.) må utgjere minst 25 % av finansieringsplanen.

Søknad om fjellandbruksmidlar skal leverast elektronisk, på eige søknadsskjema saman med prosjektutgreiing slik det står i søknadsskjemaet. Søknaden sendast til: sfvtpost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 30.04.2024

Søknadsskjema, sjå lenker til høgre

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.