Vil du leggja til rette for vipa og andre fuglar på garden?

Ei vipe i flukt sett fra siden
Vipe i flukt. Foto: Anne Gri Henriksen.

I fjor gjorde 25 gardbrukarar i Innlandet avtale om å leggja til rette for fuglar på eller inntil jordbruksareal og kunne få tilskott for slike tiltak. No inviterer vi fleire til å melde inn areal der det er gode sjansar for at sårbare og truga fugleartar vil trivast. Meld helst frå innan 1. april om du vil gjera tiltak i samband med våronna!

Publisert 13.03.2024

Framfor alt vart tiltaka i fjor gjort for å betre tilhøva for vipa, som no er kritisk truga i Noreg. Andre aktuelle artar er songlerke, åkerrikse og storspove, som alle står på raudlista. 

Statsforvaltaren samarbeider med BirdLife (dvs. ornitolog-foreininga) om å vurdere kva areal som eigner seg og kva tiltak som bør gjerast. Vi ønskjer å tilby ein avtale om tiltak der vi i samråd med BirdLife vurderer potensialet som spesielt godt for hekkande, truga og sårbare fuglar. Her legg vi vekt på om det er mange fugleobservasjonar dei seinare åra, spesielt i hekketida, men og kva type areal som er meldt inn.

Mellom anna er fuktig/forsumpa jordbruksareal interessant for vipa og fleire andre fuglar. Det kan og til dømes vera eit jorde som ligg nær våtmark eller beitemark. Avhengig av kapasiteten vår og til BirdLife er det og aktuelt å gjera ei synfaring av innmeldte areal.

Det er fire hovudkategoriar av tiltak, som kan gå litt over i kvarandre:

  1. Jordbruksareal som får stå urørt som hekke-/beiteområde heile avlingssesongen
  2. Utsett hausting eller gjødsling der det er konstatert/sannsynleg hekking (ad hoc)
  3. Små flekkar/ruter som ikke blir tilsådd/hausta
  4. Lokalisering og vern av reir, eventuelt flytting av ungar til ein trygg stad (ad hoc)

Den som får avtale og gjennomfører tiltaka som er fastsett, har rett til regionalt miljøtilskott (RMP) for tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fuglar. Det regionale miljøtilskottet er på 4000 kr pr. daa (kategori 1) eller 2000 kr pr. daa (kategori 2-4). Storleiken på arealet i avtalen må vurderast i kvart tilfelle, men til dømes kan omsyn til eitt reir svare til 1 dekar som får tilskott. Det blir gitt tilskott for maksimalt 10 daa for kvar av tilskottssatsane.

Vi kan og inngå avtalar på kort varsel utover våren (tiltak i kategori 2 og 4 ovanfor). Det er aktuelt der det blir oppdaga mogleg hekkande åkerrikse, vipe osb. og må takast omsyn til fuglane når ein t.d. skal slå eller gjødsle arealet. Avtaleskjemaet er enkelt å fylle ut, men utfyllinga bør gjerast i samråd med BirdLife eller Statsforvaltaren. Du finn skjemaet og annan informasjon på temasida vår om tilrettelegging av hekke- og beiteområde.

Dersom du trur dette er aktuelt for deg, kan du sende ein e-post til stig.horsberg@statsforvalteren.no med ei kort skildring av arealet, observasjonar av vipe eller andre aktuelle fuglar i hekketida og helst eit kartutsnitt med gards- og bruksnummer. Du kan og kontakte ein lokal ornitolog for å få ei vurdering og råd (sjå eventuelt heimesidene til BirdLife Oppland eller BirdLife Hedmark).

Resultatet av tiltaka i 2023, kort oppsummera (alle lokalitetane vart ikkje kontrollerte for hekking):

  • 169 daa med tilskott etter høg sats, 49 daa med tilskott etter låg sats
  • Dei fleste avtalane gjaldt vipe
  • Mange var kjente, gode vipelokalitetar frå tidlegare år
  • Minst 14 av 23 eigedommar med avtalar retta mot vipe hadde sikker hekking, med minst 30 reir. Ein eigedom hadde i tillegg hekkande dverglo.
  • Ein eigedom hadde heile ti vipereir som vart merka og tatt omsyn til ved køyring på jordet
  • To tiltak gjaldt syngande åkerrikser. Ikkje konstatert hekking (noko som vanskeleg for denne arten)

Du kan lese meir om tiltaka og resultata i tidlegare Oppland fylke på heimesida til Dokkadeltaet våtmarkssenter.