AVLYST - Jordbruksfagleg samling

Dato:
25. mars 2020 10:00 - 26. mars 2020 14:00
Sted:
Scandic Lillehammer Hotel
Arrangør:
Eining jord og mat, Fylkesmannen i Innlandet
Målgruppe:
Kommunar i Innlandet

Fylkesmannen i Innlandet arrangerer jordbruksfagleg samling på Scandic Lillehammer Hotel onsdag 25. og torsdag 26. mars 2020. Målgruppe for samlinga er tilsette i kommunal jordbruksforvaltning. Påmeldingsfrist er fredag 21. februar 2020

Målet med samlinga er todelt; for det første har vi som mål å gje fagleg påfyll, og for det andre vil vi gjerne bli kjende med kommunalt tilsette som arbeider med jordbruksforvaltning. Vi håpar også at kommunane blir kjende med kvarandre på tvers og slik kan utvide nettverk sitt.

I fagprogrammet tek vi opp mange ulike tema som vi meiner er aktuelle akkurat no. Det blir ein bolk om Fylkesmannen i Innlandet, om offentleglova og forvaltningslova, ein bolk om kontroll, og elles er det fokus på tilskotsforvalting, miljø/klima og utvikling. Det er stor fagleg breidde i programmet  sidan dei fleste i målgruppa arbeider med mange ulike ordningar. I tillegg har vi planlagd innslag for å bli kjende med kvarandre.

Vi vil også få ein smak av lokalmat frå Innlandet. Til middag får vi servert hotellet sin fantastiske Innlandsmeny som er laga av lokale råvarer frå bønder i Innlandet. Hotelldirektøren vil sjølv presentere menyen og fortelje korleis han vart utarbeidd. 

Sjå elles programmet som ligg på denne sida.

Det er inga kursavgift. Kommunane dekkjer sjølve reise og opphald for sine deltakarar. Vi ber om at deltakarane gjer opp med hotellet ved avreise. Kommunar som ønskjer faktura frå hotellet, må avtale dette med hotellet på førehand. Det vil i tilfelle kome fakturagebyr som tillegg i prisen.

Påmelding er bindande.

Prisar:

                Begge dagar, overnatting i enkeltrom, pris pr. person kr 2 375

                Dagpakke 25. mars inkl. lunsj, pr. person kr 590

                Dagpakke 26. mars inkl. lunsj, pr. person kr 590

                Middag 25. mars, for ikkje buande, pris pr. person kr 590

Dei som treng ekstra overnatting i forkant av samlinga kan bestille dette sjølve. Pris for tilsluttingsdøgn (rom og frukost) er kr 1090 pr. person. For meir informasjon og bestilling ta kontakt med hotellet på telefon 61 28 60 00, e-post lillehammer.hotel@scandichotels.com  

Adresse til hotellet er Turisthotellvegen 6, 2600 Lillehammer. Meir informasjon om hotellet finn du på https://www.scandichotels.no/hotell/norge/lillehammer/scandic-lillehammer-hotel   

Dato:
25. mars 2020 10:00 - 26. mars 2020 14:00
Sted:
Scandic Lillehammer Hotel
Arrangør:
Eining jord og mat, Fylkesmannen i Innlandet
Målgruppe:
Kommunar i Innlandet