Nordherad UKL

Utsyn mot Ulsbu frå Gjelbakken i Nordherad
Utsyn mot Ulsbu frå Gjelbakken i Nordherad (Foto: Stig Horsberg)

Nordherad i Vågå har vori eit utvald kulturlandskap i jordbruket sidan 2009. Området har naturverdiar av nasjonal og internasjonal interesse, knytt til det tørre og kalkrike jordsmonnet og sterk påverknad frå beitedyr. Grenda har den tettaste samlinga av freda landbruksbygningar i landet, i tillegg til ei lang rekke andre verneverdige landbruksbygningar på gardar, setrer og rydningsplassar med hus frå 1700- og 1800-tallet.


02.05.2019

Søknadsfrist for tilskott til tiltak i Nordherad i 2019

I 2019 er det sett av 860 000 kroner til tilskott til investeringstiltak frå årsbudsjettet for «Nordherad utvald kulturlandskap». Du kan søke om tilskott innan 1. juni 2019.