Innlevering av verjerekneskap 2018

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2018. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2019.

Informasjonsbrev om innsending av verjerekneskap 2018 vert sendt til alle verjer som står registrert med laupande verjemål med rekneskapsplikt per 31.12.2018.

Fylkesmannen føretrekkjer digital innsending, og oppfordrar alle verjer til å sende inn verjerekneskapen via Altinn.

I Altinn fyller du ut skjema for Fullstendigheitserklæring 2018 og legg ved skattemeldinga, årsoppgåver, kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon som vedlegg. For direkte lenke til skjema og instruksjon for utfylling og innsending, sjå www.vergemal.no/vergeregnskap. Du kan også gå inn direkte via www.altinn.no og velje tema «Vergemål» under «Skjema og tjenester».

Ta gjerne kontakt med kontoret vårt dersom du har spørsmål knytt til innsending av verjerekneskap 2018.

Det er mykje pågang på telefonlinjene våre, og dersom du ikkje kjem gjennom, kan du sende førespurnad via skjemaet «Melding til verjemålsavdelinga». Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der der du kan sende inn spørsmål, søknader, og anna.