Fastlegar har ikkje sjølvstendig meldeplikt etter verjemålslova § 57

Fram til no har Statens sivilrettsforvaltning og enkelte fylkesmenn lagt til grunn, og tolka det slik, at fastlegane har meldeplikt ved behov for verjemål. Justis- og beredskapsdepartementet ved lovavdelinga har 06.02.2018 gitt ei tolkingsfråsegn der det blir konkludert med at fastlegar ikkje har sjølvstendig meldeplikt overfor Fylkesmannen etter verjemålslova § 57.

 

Vidare konkluderer lovavdelinga med at verjemålslova § 57 heller ikkje føreset at fastlegar rapporterer internt til ansvarleg for kommunen si helse- og omsorgsteneste. Les meir: her