Kommuneundersøkinga 2020: Kommunane tar beredskap på alvor

DSB si årlege kommuneundersøking viser at heile 88 prosent av kommunane i landet har øvd overordna beredskapsplan dei siste to åra. Rogaland og Oslo og Viken har den største delen av kommunar som oppfyller flest minimumskrav til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). 

Norske kommunar skal kartlegga risiko og sårbarheit, førebygga uønskte hendingar og bygga opp om beredskap og krisehandteringsevne, slik at dei kan utvikla trygge og robuste lokalsamfunn.

– Me veit aldri når ei uønskt hending rammar ein kommune, eller kva slags påkjenningar kommunen og befolkninga blir utsett for. Det viser den pågåande pandemien oss, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i DSB.

DSB si kommuneundersøking har blitt gjennomført kvart år sidan 2002.

Beredskapskrav til kommunane

Kommuneundersøkinga viser at dei aller fleste kommunane tilfredsstiller lov- og forskriftskrav til kommunal beredskapsplikt, som er det lovverket som regulerer kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Krava inneber blant anna at kommunane skal ha oppdaterte risikoanalysar og beredskapsplanar.

– Det er gledeleg å sjå at kommunane sitt arbeid på dette fagfeltet stadig blir betre. Det største forbetringspotensialet ligg i å ha oppdaterte planar. Det er også viktig at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap ikkje blir ei pliktøving, men ein del av eit systematisk og langsiktig arbeid, seier Aarsæther.

Utvalde tal frå kommuneundersøkinga

  • 99 prosent av kommunane har svart på årets kommuneundersøking.
  • 61 prosent av kommunane har ein heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse som oppfyller utvalde krav.
  • 24 prosent av kommunane manglar berre eitt minimumskrav for å oppnå 100 prosent. Kravet dei fleste manglar er ein oppdatert risiko- og sårbarheitsanalyse.
  • 57 prosent av kommunane har ein overordna beredskapsplan som oppfyller utvalde krav. 28 prosent manglar berre eitt minimumskrav for å oppnå 100 prosent.
  • 88 prosent av kommunane har øvd overordna beredskapsplan dei siste to åra.
  • 74 prosent av kommunane har ein plan for oppfølging av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen.

Kva med rogalandskommunane?

Undersøkinga viser at Rogaland og Oslo og Viken har den største delen av kommunar som oppfyller flest minimumskrav til heilskapleg ROS. Kommunane i Vestfold og Telemark, Trøndelag og Oslo og Viken skårar høgast i å oppfylla flest minimumskrav til overordna beredskapsplan.

Når det gjeld plan for oppfølging er det Rogaland, Vestfold og Telemark og Møre og Romsdal som skårar høgast. 

Les heile undersøkinga her