Samfunnstryggleik i kommunal arealplanlegging

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har utarbeidd to nye rettleiarar om korleis handtere samfunnstryggleik i arealplanlegginga

Dei  to rettleiarane er: 

"Samfunnssikkerhet i kommunens arealplanlegging - Metode for risiko- og sårbarhetsanalyse i planleggingen" og "Veileder om sikkerheten rundt storulykkevirksomheter".

Den eine rettleiaren går på metode for ROS-analyser i planlegginga, og den andre tek føre seg korleis ein skal følgje opp storulukkesverksemder i arealplanlegginga, og korleis planlegge rundt etablering av nye.

Ved bruk av ROS-analyser i arealplanlegginga kan ein enklare sjå utfordringane innan samfunnstryggleik i samanheng.  I desse ROS-analysane blir det etablert eit kunnskapsgrunnlag som bidrar til at arealdisponeringa ikkje skaper ny risiko og sårbarheit i lokalsamfunna.

Verksemder som kjem under storulykkeforskrifta kan vere ei utfordring for samfunnstryggleiken i ein kommune. Her blir det lagra stoff som ved ein ukontrollert utvikling kan føre til alvorleg skade for menneske, miljø eller materielle verdiar. DSB har laga denne rettleiaren for å bidra til at kommunane tar tilstrekkeleg omsyn til dette i arealplanlegginga. Mange kommunar i Rogaland har minst ein storulykkesverksemd. Kommunane som i 2016 ikkje hadde verksemder som fell under storulukkesforskrifta er Lund, Bjerkreim, Forsand, Strand, Hjelmeland, Rennesøy og Bokn. Samla informasjon om storulukkesforskrifta og EU sitt Seveso lll-direktiv finn du på DSB sine nettsider.

Det er vesentleg at kunnskapsgrunnlaget frå ROS-analyser blir følgt opp med førebyggande tiltak i arealplan. Kommunen er ansvarleg for å handtere dette, i tråd med dei mål som er satt for samfunnstryggleik, samfunnsutvikling og arealforvaltning.