Rogalandsklimaet resten av hundreåret -varmare og våtare

Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. 

Klimaprofilen er basert på at klimagassutsleppa held fram med å auke som i dag. Klimaendringar i Rogaland vert rekna ut frå avanserte klimamodellar:

  • Gjennomsnittleg årstemperatur er berekna å auke med ca. 3,5°C
  • Temperaturen aukar mest på vinteren med ca. 4°C, minst om sommaren med 3,5°C
  • Årsnedbøren er berekna til å auke med ca. 10%
  • Kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gi større utfordringar med handtering av overvatn. Profilen legg opp til at intensiteten i slikt styrtregn kan auke med 40%
  • Fleire og større regnflaumar. I mindre bekkar og elver må ein forvente ei auke i flaumvassføringa
  • Auka fare for jord-, flaum og sørpeskred, som følge av meir nedbør
  • Stor reduksjon i snømengde
  • Vekstsesongen vil  bli 1-3 månader lengre. Den aukar mest i ytre kyststrøk
  • Stormflonivået er forventa å auke som følge av havnivåstiging
  • Auka fare for tørke sommarstid i fylket. Det vil i så fall t.d. føre til auka skogbrannfare, auka behov for vatning i jordbruket, og utfordringar for settefiskanlegg

Kommunane må i høgare grad styre arealbruken vekk ifrå fareområder, og dimensjonere bygg og anlegg i forhold til dei komande utfordringane med t.d. meir vatn. Vedlikehald må også prioriterast høgt.

Mange tettstader og byar i Rogaland ligg ved vassdrag, og/eller langs kystlinja. Det er viktig å kartlegge vassveier i tettstader, og legge til rette for flaumvegar. Planar for utbygging bør sikre nok avstand til bekkar, elver og lågpunkt i terrenget, samt holde vassvegane opne. Avlaupsnett må dimensjonerast for meir vatn, og open overvasshandtering prioriterast opp.

Funna i profilen understreker at det er naudsynt å legge til 20% i klimapåslag på forventa flaumstørrelse i tida framover. Dette må inn i kommunane sine planar. NVE kan ikkje enno seie når flaumsonekarta skal oppdaterast for dei 9 allereie kartlagde elvestrekka i Rogaland.

Klimaprofilen blei overlevert fylkesutvalet i går, og ligg tilgjengeleg på Norsk klimaservicesenter sine nettsider