Nye aktsemdskart for steinsprang

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har nyleg lansert nye og landsdekkande aktsemdskart for steinsprang på www.skrednett.no. Aktsemdskart for steinsprang er den første kartserien i eit nasjonalt kartleggingsprogram, som også omfattar snøskred og jordskred.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.07.2009

Aktsemdskart for steinsprang er grove oversiktskart som identifiserer mogleg fare for steinsprang. Steinsprang er definert som mindre steinskred, og desse karta viser både kjelder og utløpsområde for slike ras. Det er ikkje lagt inn kor sannsynleg det er med steinsprang i desse områda, berre mogleg fare. Medan dei eksisterande oversiktskarta for snø- og steinsprang berre dekker utvalde område i Noreg, omfattar dei nye aktsemdskarta for steinsprang heile landet. Desse karta vil vere nyttige for kommunane si vurdering av rasfare i deira arealplanlegging.

Døme på steinsprangkart frå Årdal:

Kart over steinsprang Årdal

Skrednett er ei nasjonal database om skred, og her kan ein søke ut både skredfare og historiske- og førhistoriske hendingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.