Ny rettleiar om bruk av GIS i samfunnstryggleik og arealplanlegging

Rettleiaren skildrar prosessar for handsaming av samfunnstryggleik i arealplanarbeidet i kommunane og viser korleis kommunane kan nytta geografiske informasjonssystem (GIS) og geodata som støtte i dette arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2006

Den nye rettleiaren er utarbeida gjennom prosjektet "Samfunnssikkerhet i GIS – Vestlandet", som no er avslutta. Prosjektet var eit samarbeid mellom fylkesmannsembeta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Statens kartverk. Rettleiaren inneheldt dømer frå tre pilotkommunar: Stavanger, Os og Stryn.

Rettleiaren går kort gjennom regelverket i forhold til samfunnstryggleik i arealplanlegginga, kommunen sitt ansvar vert drøfta og det vert gjeve forslag til prosessar for ROS-analysar i arealplanarbeidet både på overordna nivå og for meir detaljerte analyser i forhold til konkrete planforslag.

GIS kan fungera som ein databank for informasjon om samfunnstryggleik i kommunen. Kartfesting gjev denne informasjonen den arealdimensjonen som ROS-analysar hittil ofte har mangla. Arbeidsgangen kan framstillast slik:

GIS-data frå nasjonale og regionale etatar vert samla inn og supplert med lokale data som finst frå før og eventuelle nye registreringar

  • Data vert så nytta i ein grov ROS-analyse som gjev innspel til kommuneplanen
  • Analysen og data vert nytta i vurderinga av nye byggeområde og seinare i reguleringsplanar. Her er det ofte behov for meir detaljerte undersøkingar
  • Alle data frå nye undersøkingar går tilbake til GIS-datalageret
  • GIS-data vert også nytta ved byggesakshandsaming

Rettleiaren gjev informasjon om kjelder til geodata om samfunnstryggleik og korleis data kan etablerast i kommunane. Den drøfter m.a. rutinar for å halde à jour data og behov for skjerming av data. Rettleiaren inneheldt også døme på ei sjekkliste med aktuelle tema som bør vurderast i ROS-analysar for arealplanlegging, og korleis informasjon om desse kan framstillast som GIS-datasett. Data som vert levert frå nasjonale etatar, og forslag til datasett som kan etablerast lokalt, vert skildra forholdsvis detaljert.

Me vonar at rettleiaren vil vera eit hjelpemiddel for kommunane i deira arbeid med samfunnstryggleik i planlegginga. DSB arbeider med tilrettelegging for bruk av GIS på dette feltet, m.a. ved å utvikle standardar innan Arealis/Norge digitalt. Ta gjerne kontakt med spørsmål eller forslag angåande GIS i samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument