Sivilombodsmannen har vurdert Fylkesmannen sin dispensasjonspraksis

Sivilombodsmannen har nyleg kome med ein uttale etter ein gjennomgang av Fylkesmannen sin dispensasjonspraksis i ein rekkje saker. Konklusjonen er at fleirtalet av vedtaka er grundige og gode, sjølv om det òg er rom for forbetringar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2019

Uttalen frå Sivilombodsmannen gjeld vedtak fatta av Fylkesmannen i perioden 1. juli 2018 til 31. mars 2019, og som omfattar dispensasjon etter plan- og bygningslova frå arealplanar vedtatt før år 2000.

Slik konkluderer Sivilombodsmannen i uttalen:

"Det overordnede inntrykket etter en gjennomgang av vedtakene er at vurderingene etter plan- og bygningsloven § 19-2 annet ledd oppfyller lovens krav. Flertallet av vedtakene er grundige og gode. Ombudsmannen ber likevel Fylkesmannen være oppmerksom på risikoen for en dispensasjonspraksis som på sikt vil føre til at planer eller enkeltbestemmelser uthules. Ombudsmannen minner også om at dersom en plan eller planbestemmelse ikke lenger er i samsvar med kommunens ønske, for eksempel fordi området skal fortettes, bør kommunen endre planen fremfor å dispensere."

Dykk kan lese heile uttalen frå Sivilombodsmannen i høgremargen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.