Tydeleg jordvernbrev frå statsråd Bård Hoksrud

Tett utbygging og byfornying er det beste jordvernet. Her frå Hillevåg i Stavanger.
Tett utbygging og byfornying er det beste jordvernet. Her frå Hillevåg i Stavanger. (Foto: Anfinn Rosnes / Fylkesmannen i Rogaland)

Landbruks- og matministeren sende den 1. oktober ut eit brev til alle Fylkesmenn om at jordvern er ei viktig nasjonal og regional interesse i planlegginga i kommunane. Det blir også annonsert ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet.

Brevet er meint å klargjere praktiseringa av motsegn når det gjeld jordvern. Det presiserer at omsyn til jordvern er eit viktig tema i planlegginga. Dette kjem fram av pressemeldinga frå departementet.

Jordvern – ei særleg utfordring i Rogaland

Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og vi toppar statistikken for omdisponering. Samstundes har vi sett ei positiv utvikling i seinare tid, og vi har registrert at fleire kommunar nå har auka fokus på jordvern i samband med revisjon av kommuneplanar.

Krav til kommunane i planlegginga

I brevet er det stilt krav til kommunal planlegging:

  • Dokumentere om det går med dyrka eller dyrkbar jord
  • Omtale verdien av areala
  • Vurdere plan i høve til overordna planar og retningsliner
  • Vurdere samfunnsnytte ved eventuell omdisponering

Manglar planar slik dokumentasjon kan det i seg sjølv gi grunnlag for motsegn.

Regional jordvernstrategi eit bidrag

Regional jordvernstrategi har no vore på høyring, og vi gav vår uttale i juli.

Ein jordvernstrategi for fylket kan bidra til å løfte fram utfordringane Rogaland har i forhold til det tydelege nasjonale målet om vern av jordbruksjord. Strategien skal nå til sluttbehandling i Fylkestinget.