Statleg samordna uttale til endring av reguleringsplan for Svadberg industriområde i Hjelmeland kommune

Frå 2018 er det innført som fast ordning at Fylkesmannen skal samordne statlege motsegner til kommunale arealplanar etter plan- og bygningslova. I denne saka har Fylkesmannen og NVE motsegn til detaljreguleringsplanen for Svadberg industriområde i Hjelmeland kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2020

 

NVE har fremma motsegn til planen då planforslaget ikkje inneheld nok opplysningar til å vurdere om tiltaket kan gjennomførast med tilstrekkeleg tryggleik for skred og flaum. Omsynet til klimaendringar og overvatn er heller ikkje tilstrekkeleg vurdert og må ses i samanheng med flaumfare.

Fylkesmannen har fremma motsegn til reguleringsplanen fordi planen kjem i konflikt med forbodssonen på 50 langs vassdrag i kommuneplanen og det er ikkje innarbeidd tilstrekkeleg avbøtande tiltak i føresegna for å hindre avrenning til Storåna.

Kantsona lang vassdrag er viktig for biologisk mangfald og dempar flaum og redusere erosjon langs elva. Storåna er eit viktig laksevassdrag og er eit mye brukt tur- og friluftsområde.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.