Plangruppa arbeider frå heimekontor

Arbeid med innspel til planar etter plan- og bygningslova held fram som normalt med saksbehandling frå heimekontor. Me reduserer den fysiske møteverksemda og tar i bruk digitale verktøy som Skype og Teams eller telefonmøter for nødvendig dialog - både internt og med kommunar, Rogaland fylkeskommune og andre statlege etatar.

Foreløpig anbefaler me å utsetta meklingar til situasjonen er avklart, og me igjen kan ha fysiske møter. Denne vurderinga har me gjort ut frå erfaring med at meklingssituasjonen blir betre om me kan «sjå kvarandre i augne». Vurderinga kan endrast dersom situasjonen blir langvarig. Me er og opne for «digitale» meklingar om kommunen ønskjer at me gjer det på denne måten allereie nå. Ta kontakt med oss, så finn me samen den beste løysinga.

Unntak plan- og bygningslova

Regjeringa har vedteke midlertidig forskrift om unntak frå plan- og bygningsloven i forbindelse med Covid19-pandemien. Forskrifta skal bidra til at kommunane og helsemyndigheitene får auka handlingsrom til å setta i verk nødvendige tiltak raskt.

Kommunane kan etter forskrifta gjere unntak frå krav om søknad etter plan- og bygningsloven § 20-2 for tidsbestemt bruksendring av byggverk og plassering av midlertidige byggverk som skal nyttast til helse- og omsorgstenester. Det kan og gis unntak frå krav om nabovarsel.

Du kan lese meir om saka på nettsidene til Regjeringa.