Merkedag for jordvernet i Rogaland!

Framsiden til strategidokumentet for Rogaland sin nyleg vedtekne jordvernstrategi.
Framsiden til strategidokumentet for Rogaland sin nyleg vedtekne jordvernstrategi.

Fylkestinget har i møte den 12. juni 2019 vedteke jordvernstrategi for Rogaland, og dette kan seiast å vere ein merkedag for jordvernet i fylket. Målet for Rogaland er at omdisponering av jordbruksareal skal vere under 400 dekar i året.

Regional jordvernstrategi er ei oppfølging av Nasjonal jordvernstrategi, med mål om at omdisponeringa av dyrka jord i Noreg skal vere under 4000 dekar.

Under behandlinga i Fylkestinget kom det fram forslag om tydelegare ambisjonar, m.a. at dyrkbar jord må vere med i målsettinga. Ingen la fram forslag om å lempe på ambisjonen i utkastet, og det er slik sett eit samrøystes Fylkesting som står bak dette. Det er difor rett å sei at 12. juni 2019 er ein merkedag for jordvernet i Rogaland.

Er målet for Rogaland mogleg?

Figuren henta frå SSB viser relativt store svingingar i tap av dyrka jord, men tendensen dei siste åra er positive. Det bør slik sett vere mogleg å klare ambisjonen i strategien.

Positiv respons i høyringa

Utkast til strategi var på høyring i 2018 og det blei gitt 24 høyringsinnspel. Generelt sett er det gitt positiv respons, samstundes er det kome ein del merknader som er søkt følgt opp i samband med sluttbehandlinga. Nokon har meint at det bør vere ein nullvisjon når det gjeld tap av jordbruksjord. Det har m.a. vore ein diskusjon om kva som inngår i omgrepet jordbruksareal, og det er presisert at innmarksbeite inngår i måltalet. Vi viser elles til innstillinga frå Fylkesrådmannen når det gjeld kommentarar til høyringssinnspela.

Hovudtrekk i strategien

Jordvernstrategien peikar ut tre hovudområde for innsats:

  • Kunnskapsformidling
  • Jordvernomsyn i planar
  • Utfordre landbruksnæringa

Tiltaksdelen er delt i 5 hovudgrupper. Strategien har vidare ei målutgreiing, ei nærmare tiltaksutgreiing, prosessomtale og omtale av kompenserande tiltak. Vi viser til elles strategidokumentet i høgremargen.

Jordvern viktig tema i regionale planar

I dette møtet i Fylkestinget var det også til sluttbehandling Regionalplan for Dalane og Regionalplan Jæren 2050 – fase 1. Også i desse planane er det eit tydeleg fokus på jordvern, noko som også kom fram under drøftinga i Fylkestinget.

Jordvernbrevet frå Bård Hoksrud framleis viktig

Den 1. oktober 2018 fekk alle Fylkesmenn eit brev om som var meint som ei klargjering av praktisering av motsegn når det gjeld jordvern, og er også å oppfatte som ei presisering av at jordvernet er viktig i planlegginga. Det er vist til dette brevet i samband med presentasjon av oppdatert nasjonal jordvernstrategi. Sjå vår eiga nettsak om brevet.