Fylkesmannen rår til fleire bustader i Time kommune sin områdeplan for Morenefaret

Kapasiteten er ikkje utnytta godt nok i dette store utbyggingsområdet. Det er større potensiale til å balansere variasjonen i bustader og felles løysingar, som grøntområde og parkering.  Høg utnytting er ein viktig føresetnad for eit betre jordvern og redusert transport. Dei nasjonale måla om innskjerping av nedbygginga av jordbruksareal tilseier høgare utnytting i framtidige planar. Forslaget sikrar heller ikkje tilstrekkeleg ute- og leikeareal med god kvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2017

Stor områdeplan i Time kommune under arbeid

Time kommune har lagt fram forslag til områdeplan for Morenefaret på grensa til Klepp kommune på høyring. Planen legg til rette for felles ungdomsskole med Klepp, fleirbrukshall, bustad- og friområde med tilhøyrande anlegg. Fylkesmannen har fleire merknader med motsegn og faglege råd, for å få planen betre i samsvar med nasjonale og viktige regionale føringar.

Planen manglar føresegner som sikrar gode intensjonar

Motsegna går særleg på å sikre juridiske føresegner for tilstrekkeleg store ute- og leikeareal med god kvalitet, samt sikre regulering for skolearealet. Realiseringa av det store planområdet kan krevje betydeleg masseutskifting og masseoverskot. Masseberekning manglar, samt utgreiing om korleis massane skal handterast. Føresegnene er etter vår vurdering for lite konkrete og manglar bindande føringar som skal gjelde for området samla sett.

Godt grunnlag for høg bustadutnytting

Fylkesmannen har også motsegn til manglande føringar for utnyttingsgrad for bustadområda. Området ligg sentrumsnært, om lag ein km frå Bryne sentrum. Planen omfattar eit stort og samanhengande område med stort potensiale for høg arealutnytting. I tråd med både nasjonale og regionale føringar er det derfor særleg viktig å sikre høg utnyttingsgrad i planen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.