Fakturagebyr for kommunale tenester?

Tysvær kommune ber Fylkesmannen vurdere om kommunen kan krevje papirfakturagebyr for faste betalingsoppdrag for barnehage, skolefritidsordning, kulturskule samt husleige. I svarbrevet frå Fylkesmannen framgår det at dette varierer for dei ulike kommunale tenesteområda.

Bruk av papirfakturagebyr ved betaling for barnehageplass vil vere avhengig av at gebyret ikkje fører til at totalbeløpet for foreldrebetalinga kjem i konflikt med fastsett maksimalpris. Den aktuelle barnehagen må også ha eigne vedtekter som opnar for bruk av fakturagebyr ved foreldrebetaling.

Papirfakturagebyr ved betaling for plass i skulefritidsordninga vil kunne nyttast dersom dette går fram av vedtektene til skulefritidsordninga.

Sjølvkostprinsippet gjeld ikkje som tak for foreldrebetaling for barnehageplass og plass i skulefritidsordninga. Det vil vere opp til kommunen å vurdere om sjølvkostprinsippet også skal vere retningsgivande for berekninga av foreldrebetalinga for plass i barnehage og skulefritidsordninga.

  •  Finn svarbrevet frå Fylkesmannen i høgre menyen!