Haugesund - vedtak om investering oppheva

Etter lovlegkontroll av finansreglementet og avtalar om investering mellom Haugesund kommune og Terra Securities, har Fylkesmannen oppheva vedtak med heimel i § 59 i kommunelova. Bakgrunnen er at saksbehandlinga er ufullstendig, manglande delegasjon og at ikkje uavhengig rågivning vart brukt.

Etter oppmoding frå Kommunal- og regionaldepartementet har Fylkesmannen gjennomført lovlegkontroll med finansforvaltningsreglementet i Haugesund kommune og også vurdert om dei avtalane som kommunen har inngått er i samsvar med reglementet og kommunelova.

Vi har nytta Kommunalbanken som rådgivar i samband med vurdering av finansiell risiko.

Lovlegkontrollen knyter seg til to vedtak fatta av Haugesund kommune. Vedtak 1 er fatta av bystyret 25.02.04 og vedtak 2 av rådmannen 06.04.06.

Vedtak 1

  • Saksbehandlinga var ufullstendig. Uavhengig kompetanse skulle vurdert vedtaket og den finansielle risiko dette faktisk medførte jf. krav i finansforskriftene § 5 og krav til sak skal vere så godt opplyst som mogleg i fvl. § 17
  • Det kan ikkje utelukkast at feilen har hatt betyding for vedtakets innhald. Bystyret hadde interesse av å vite om den reelle risiko sjølv om denne ikkje klart var i strid med kravet etter § 52 i kommunelova om at investeringa ikkje skal overstige vesentleg risiko jf. uttale frå Kommunalbanken

Vedtak 2

Kompetansemanglar

  • Manglande delegasjon til rådmannen. Bystyrets vedtak 25.02.05 som m.a. gav fullmakt til rådmannen var i seg sjølv mangelfull
  • Krav om val av meklar skulle leggjast ut på anbod/tilbod blei ikkje følgt opp
  • Vedtaket gjaldt ein annen obligasjonstype og med anna løpetid enn det som var låg til grunn for bystyret si delegasjonsfullmakt

Manglar ved sjølve vedtaket

  • Vedtaket fatta utan uavhengig kompetanse hadde vurdert den finansielle risiko
  • Vedtaket var i strid med i kommunelova § 52 om at finansielle transaksjonar som representerer vesentlig finansiell risiko, m.a. fordi obligasjonane var utan kredittrating, jf. uttale frå Kommunalbanken.

Fylkesmannen konkluderer med at investeringane som Haugesund har gjort, er ulovlege, og at vedtaka blir oppheva med heimel i § 59 kommunelova. Fylkesmannen har ikkje innvendingar mot at kommunen brukar forsvarleg tid på å avhende obligasjonen.

Kontaktpersonar

Dokument