Etablerer Digi Rogaland: Unik digital satsing i rogalandskommunane

Lund-ordførar Olav Hafstad signerer Digi Rogaland-avtalen.
Lund-ordførar Olav Hafstad signerer Digi Rogaland-avtalen. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Det er dårleg ressursbruk å sitja kvar for seg og laga digitale tenester til innbyggarane. Nå går alle kommunane i fylket saman om å utvikla gode verktøy og tenester gjennom fellesprosjektet Digi Rogaland.

I dag blei avtalen signert under det årlege kontaktmøtet mellom KS Rogaland, kommunane og Fylkesmannen i Rogaland. Ambisjonen til Digi Rogaland er at innbyggarane skal få dei same digitale tenestene, uavhengig av kor dei bur. Rogaland er det første fylket i landet der alle kommunane går saman i eit slikt samarbeid. Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS Rogaland deltar også i prosjektet.

Dei fleste ordførarane signerte i dag avtalen. Sjølvsagt gjorde dei dette digitalt.

Dei fleste ordførarane signerte i dag avtalen. Sjølvsagt gjorde dei dette digitalt. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Alle treng ikkje å finna opp hjulet

Gjennom Digi Rogaland skal kommunane samarbeida om å utvikla nye digitale tenester, men like viktig er det å syta for at kompetansenivået er høgt nok over alt. Implementering av nasjonale prosjekt og utvikling av nye tenester, som heile landet kan nytta seg av, er ei klar målsetting. Hå-rådmann Anne Berit Berge Ims er trygg på at rogalendingane skal få nyta godt av dette prosjektet.

– Digi Rogaland bidrar til at me løfter endå meir i lag, til det beste for innbyggarane i heile Rogaland, seier Hå-rådmannen.

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø signerer avtalen.

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø signerer avtalen. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Er i gang med fleire prosjekt

Så langt er Digi Rogaland i gang med to nasjonale prosjekt – og jobbar med kvalifisering av fleire regionale prosjekt.

  • Den kommunale helsetenesta: Senda og motta meldingar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå avtalar om heimebesøk og avbestilla besøk m.m.
  • Digital søknadsløysing for sosialtenester.

Alle bidrar

Kvar av kommunane bidrar med 150 000 kroner i prosjektet i 2019. I tillegg betaler kommunen fem kroner per innbyggar. Fylkesmannen i Rogaland har støtta Digi Rogaland med tre millionar kroner.