Rett til advokat ved tvangsmedisinering

Norges lover
Psykisk helsevernlova er endra frå 1. juli. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Frå 1. juli har du rett til gratis hjelp frå advokat dersom du får vedtak om tvangsbehandling.

Psykisk helsevernlova gir no rett til fritt rettsråd for pasientar som får vedtak om behandling utan eige samtykke, altså vedtak om tvangsmedisinering og tvungen ernæring. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp frå advokat i juridiske spørsmål utanfor domstolane. Utgiftene blir dekte av staten.

Slik går du fram

Dersom du tenkjer å klage, skal du ta dette opp med den sjukehusavdelinga der vedtaket blei fatta. Samstundes kan du opplyse at du ønskjer advokat. Kontrollkommisjonen skal då bistå med å finne advokat. Du kan og kontakte advokat direkte.

Fylkesmannen tar endeleg avgjerd

Fylkesmannen tilrår at sjukehuset legg til rette for at pasientane får rådført seg med advokaten sin før overlegen skal vurdere klagen:

  • advokaten skal få alle dokumenta i saka
  • advokaten kan gi skriftleg uttale som overlegen må vurdere
  • advokaten skal motta kopi av overlegen si vurdering

Etter at alle innspel og spørsmål er vurderte av overlegen kan saka bli sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Lenke til Helsedirektoratet sine heimesider der lovendringane blir forklarte.