Pasientinformasjon: Tvangsbehandling

Dersom du er under tvunge helsevern og ikkje vil ta den tilrådde behandlinga, kan det bli nødvendig med vedtak om tvangsbehandling. Her finn du informasjon om kva som skjer vidare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.10.2013

Før vedtak blir skrive:

  • Du skal få informasjon om tvangsbehandling og kva reglar som gjeld.
  • Du skal få høve til å uttale deg om synet ditt på tvangsbehandling. Retten til å uttale seg er lovfesta. Dine meiningar og eigne forslag skal skrivast i vedtaket.

Om sjølve vedtaket:

  • Du skal få eit skriftleg vedtak med grunngiving som viser at all lova sine vilkår er oppfylte.

Framgangsmåte ved klage:

  • Du kan klage på tvangsbehandlingsvedtak.
  • Dersom du ikkje klarer å skrive klaga sjølv, kan behandlaren eller personalet ditt hjelpe deg med å skrive ei skriftleg klage.
  • Du kan nytte advokat, men utgiftene blir ikkje automatisk dekte.
  • I klaga skal det stå kva vedtak du klagar på, kven som har skrive vedtaket og kva klagegrunnar du har. Du bør sjølv skrive under på klaga.

Den vedtaksansvarlege legen sine oppgåver ved klage:

  • Klaga skal fyrst bli lagd fram for den vedtaksansvarlege (den som har skrive vedtaket).
  • Dersom du sender klaga direkte til Fylkesmannen, må vi be den vedtaksansvarlege om å ta stilling til klaga før vi kan behandle den.
  • Den vedtaksansvarlege skal umiddelbart ta stilling til det som står i klaga.
  • Klaga kan føre til at den vedtaksansvarlege endrar vedtaket eller fastheld det.
  • Dersom den vedtaksansvarlege ikkje vil endre på vedtaket, sender han klaga ditt, vedtaket og ei forklaring til Fylkesmannen. Du får kopi av forklaringa.

Fylkesmannen sine oppgåver ved klage:

  • Fylkesmannen vurderer dei dokumenta den vedtaksansvarlege har sendt oss. Vi kan be om tilleggsopplysningar frå sjukehuset og påleggje den vedtaksansvarlege å gjere undersøkingar og vurderingar. Dette kan ta eit par dagar.
  • Fylkesmannen vil gi deg høve til å uttale deg om synet ditt på tvangsbehandlingsvedtaket. Dersom du tillèt det, vil ein eller to personar frå Fylkesmannen ha ein personleg samtale med deg. Fylkesmannen godtek at du uttaler deg på telefon eller gjennom advokaten din.
  • Fylkesmannen vil deretter vurdere saka. Dette kan ta eit par dagar. Fylkesmannen kan anten stadfeste vedtaket eller oppheve vedtaket. Dersom vedtaket blir opphevt, må den vedtaksansvarlege eventuelt skrive eit nytt vedtak, som du også kan klage på.
  • Dersom det hastar å få melding om Fylkesmannens avgjerd, kan Fylkesmannen gi munnleg melding til deg på telefon. Du får då høyre om vedtaket blei stadfesta eller opphevt.
  • Fylkesmannen vil sende deg eit brev med avgjerda og ei grunngiving.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.