Psykologer i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har kunngjort tilskotsordninga «Psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene». Målet med ordninga er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilhetlige og tverrfaglige kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, samt vold- og traumefeltet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.11.2017

Tilskotsordninga er forankra i fleire av regjeringas stortingsmeldingar og planar. Det har vore ei markant auke i antall psykologar  i det kommunale helse- og omsorgstenestene dei siste åra. På same tid er det framleis mange kommunar som oppgir at dei ikkje har psykologkompetanse.

Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auka rekrutteringa og bidra til at psykologkompetanse blir tilgjengeleg over heile landet ved innføring av lovkrav frå 2020.  

Kommunar som tidlegare ikkje har motteke tilskot, samt kommunar som søkjer om å nytta psykologen i rusarbeid har høg prioritet.

Stimuleringstilskotet er på kr 400 000 pr 100 % stilling.

Kommunen kan i tillegg få inntil kr 10 000 pr psykologstilling øyremerka spesifikke kompetanseutviklingstiltak i regi av Fylkesmannen og kompetansesentra innan fagfelta rus og psykisk helse, vold - og traume.

Meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på Helsedirektoratet si nettside under «Lenker».

Søknad sendes med e-post til: fmropost@fylkesmannen.no  innan 1 februar 2018.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.