Kvalifiseringsprogrammet

Det er eit overordna mål for NAV at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv gjennom lønna arbeid. Kvalifiseringsprogrammet er ei ordning som skal hjelpe langtidsmottakarar av økonomisk stønad, og dei som står i fare for å bli det, med å komme seg i heiltids- eller deltidsarbeid.  

Du har rett til å delta i kvalifiseringsprogram dersom følgjande vilkår er oppfylte:

  • Du må vere i yrkesaktiv alder.
  • Du må ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering som konkluderer med at du har nedsett arbeidsevne.
  • Deltaking i programmet med tett og koordinert bistand må vurderast som føremålstenleg og nødvendig for å styrkje moglegheita di til å delta i arbeidslivet.
  • Du må ikkje ha eller svært avgrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdloven eller arbeidsmarknadsloven.
  • NAV-kontoret må kunne tilby deg eit tilpassa program.

Kvalifiseringsprogrammet skal vere på full tid, det vil seie 37,5 timar per veke. Det skal innehalde arbeidsretta tiltak og arbeidssøking. Det kan også ha andre tiltak som kan vere med på å støtte opp under og førebu overgang til arbeid. Dette kan vere opplæringstiltak og trening av motivasjon og meistring. Det kan også setjast av tid til helsehjelp, opptrening og eigenaktivitet.

Kvalifiseringsprogrammet som du får tilbod om, skal vere forsvarleg. Det betyr at innhaldet skal utformast med utgangspunkt i behova dine og vere eigna til å auke moglegheitene dine  til å komme i jobb, at du vert gitt tett og relevant oppfølging undervegs  og at programmet evaluerast og eventuelt justerast med jamne mellomrom.

For den tida du deltek i kvalifiseringsprogram, har du rett til kvalifiseringsstønad. Den er på årsbasis to gonger folketrygdas grunnbeløp, per 2016 kr 185 152,-. Er du under 25 år, får du 2/3 stønad. I den grad du har inntektsgivande arbeid samtidig som du deltek i kvalifiseringsprogrammet, vert stønaden redusert tilsvarande.

Kvalifiseringsprogrammet er ei eingongsyting, og det vert gitt for ein periode på inntil eitt år. Det kan etter ei ny vurdering forlengast med inntil eitt år. Programmet kan etter ei særskild vurdering forlengast utover to år.

Kontaktpersonar