Når du har behov for dispensasjon frå helsekrav til førarkort

Dette skal du lever til Statens Vegvesen, trafikkstasjonen:

- Dispensasjonssøknad (skjema) og legeattest NA202. Legeattest NA 0202 får du av fastlege, og skal fylles ut av deg og fastlege.

- Vurdering frå fastlege/spesialist (sjå nærmare opplysningar nedafor)

P.g.a. saksmengda ved embetet kan saksbehandlingstida for førerkort/kjøreseddel bli 4 uker frå me har fått dokumentasjonen, men i perioder kan det væra inntil 10 ukers behandlingstid.

Telefontid tirsdag-torsdag, 13.00-14.00.

Dokumenter blir vurdert ved Trafikkstasjon og skal sendet til Fylkesmannen som gjer vedtak etter nasjonale retningslinjer.

Behandlingstid er normalt 4-6 veker. Dersom ikkje alle dokument er sendt inn eller attest frå eigen lege/spesialist ikkje er tilstrekkelig, vil saksbehandlingstida bli betydeleg lengre.

Vi får kvart år 3-4000 brev/søknadar og har i liten grad høve til å behandla dei som har sendt søknaden seint inn.

Vurdering av fastlege/spesialist

Attesten skal alltid vere ein risikovurdering for førarkort i aktuell klasse.

Klasse A, B, M, S og T: Vurdering frå behandlande lege/eigen lege er ofte tilstrekkeleg, til dømes ved diabetes og ADHD.

Tunge klasser (tyngre kjøretøy og buss/drosje): Det krevst attest frå spesialist i aktuell sjukdom. Til dømes ved hjartesjukdom krevst det risikovurdering frå spesialist i hjartesjukdom. Inkludert i vurderinga skal vere, belastnings -EKG, Ultralyd av hjartet og 24 timers EKG.

Kontaktpersonar