Endra rettleiar for nytt kommunalt sengetilbod

Helsedirektoratet har no kome med revidert rettleiar for kommunane sin plikt til øyeblikkeleg hjelp døgnopphald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2013

Kommunane har plikt til å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnopphald frå 2016, men det er lagt opp til ei gradvis innfasing. Fram til no har Sogndal,  Luster, Hå og Stavanger oppretta eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane/Rogaland. Rettleiaren beskriv mellom anna førebuingar, kvalitet i tilbodet og økonomiske føresetnader. Kommunane bør særskilt merke seg at det stillast nye krav til tilleggsdokumentasjon frå 2013, mellom anna innsending av dokumentasjon knytt til kvalitet og fagleg forsvarleg tilbod.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.