Folkehelse

Folkehelsearbeidet er samfunnets felles innsats for å ta vare på, betre og fremme folks helse og redusere faktorar som kan medføre helserisiko. Folkehelsa er eit uttrykk for helsetilstanden i befolkninga og korleis helse fordeler seg mellom ulike sosiale lag i befolkninga. Folkehelsearbeidet skal òg medverke til utjamning av sosiale helseforskjellar.

Folkehelse er viktig i samhandlingsreforma

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Med folkehelselova har fylkeskommunane og kommunane fått hovudansvaret for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Fylkesmannen skal sikre at det blir teke omsyn til folkehelsa i planar

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Det breie folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, og planlegging blir derfor eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal medverke til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


19.12.2018

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2019

Tilskottet vil bli vidareført for 2019 også.


07.12.2018

Nytt om frisklivssentralar i Rogaland - Strand og Randaberg kommune har etablert frisklivssentral

I 2018 vart frisklivssentralar etablert i dei to nemnde kommunane. Her i Rogaland har nå 17 av våre 26 kommunar eit slikt førebyggjande helsetilbod til innbyggjarane sine.


02.01.2018

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2018

Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Med atterhald om at  statsbudsjettet vert godkjent, vil Fylkesmannen i Rogaland få om lag 1 150 000 kroner til disposisjon for tilskotsordninga.


09.03.2017

Presisering av vilkår for tilskot til kommunale frisklivssentralar

Fylkesmannen kan berre gi tilskot til same formål i tre år, og kommunen må lage plan for korleis dei vil overta og drive tiltaket vidare. Reglane for eigenbetaling følgjer av helse- og omsorgstenestelova, og eventuelle samarbeidspartnarar må følgje gjeldande retningslinjer for fagleg forsvarleg verksemd.


09.03.2017

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2017

Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Fylkesmannen har til saman 1 150 000 kroner til disposisjon, og søknadsfristen er 18. april 2017.


24.10.2016

NM i skulelunsj

21.november lanserast NM i skulelunsj for landets 9.klassinger. Dette er ein nasjonal konkurranse kor elevane vil konkurrera om å lage landets beste lunsjoppleving.


15.03.2016

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2016

Det er no høve til å søkje om tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstiltak. Fylkesmannen har til saman 1 150 000 kroner til disposisjon, og søknadsfristen er 15. april 2016.


09.06.2015

Folkehelsemeldingen: mestring og muligheter

27. mars la regjeringa fram ny folkehelsemelding. Psykiske helse skal bli like viktig som fysisk helse i folkehelsearbeidet. Regjeringa vil utvikle ein folkehelsepolitikk som skapar mogelegheiter og fremjer meistring


20.03.2015

Frisklivssentral- tilskot 2015

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs, lærings- og meistringstilbod - 2015


16.10.2014

Den store sluttedagen 20. oktober!

Helsedirektoratet tilbyr 24-timars støtte til dei som prøver å slutte med røyk eller snus 20. oktober


Fleire nyhende