Kronprinsen kjem til ONS 2018

Kronprins Haakon i Sandnes
H.K.H. Kronprinsen kjem til Stavanger måndag 27. august (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Måndag 27. august besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger og ONS 2018. Han skal vera til stades under opningsseremonien og skal også besøka fleire av utstillarane. 

Kronprinsen var også til stades under opninga av ONS i 2016. Nå er han tilbake og skal halda invitasjonstalen under opningsseremonien.

Frå Fylkesmannen i Rogaland er det fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som følger Kronprinsen under besøket.

Kongeleg beskyttarskap

Hans Majestet Kongen var til stades under det første ONS-arrangementet i 1974. Sidan den gongen har eit medlem av kongefamilien alltid vore til stades under arrangementa. ONS er eitt av Kongens faste beskyttarskap, ei ordning som er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekka Kronprinsens besøk under ONS 2018, må akkrediterast hos ONS.  

Kontaktpersonar

Kontaktpersonar

Lenkjer

Dokument