Dronninga besøker Skudeneshavn og Avaldsnes 21. juni

Dronning Sonja besøker Karmøy 21. juni
Dronning Sonja besøker Karmøy 21. juni (Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff)

PRESSEINFO: Hennar Majestet Dronninga kjem til Karmøy sjøvegen med KS Norge. Etter landgangen skal Dronninga få oppleva både historiske Skudeneshavn, Nordvegen Historiesenter, kongsgardruinen og Vikinggarden.

Dronning Sonja kjem til Skudeneshavn tordag 21. juni kl. 10.00 og drar vidare til Avaldsnes kl. 11.15. Besøket i Karmøy kommune blir avslutta kl. 14.00.

Akkreditering

Presse som ønsker å dekka besøket må akkrediterast seinast 15. juni 2018 kl. 12.00.

Send namn, tittel og kontaktinfo (telefon og e-postadresse) til kommunikasjonssjef John Gunnar Skien, Fylkesmannen i Rogaland (sjå under Kontaktpersonar). 

For spørsmål knytt til besøket, kontakt assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff (sjå under Kontaktpersonar).

Kontaktpersonar

Dokument