Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Om du treng fri rettshjelp, kan du kontakte Fylkesmannen eller ein advokat.

I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?

Eksempel på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.

Inntekts- og formuesgrense

For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Fylkesmannen og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.

Uavhengig av inntekt og formue kan du få fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
  • i saker om militærnekting
  • i saker om tvangsekteskap
  • i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
  • i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
  • for å vurdere melding i samband med valdtekt
  • for å vurdere melding i sak om menneskehandel

Eigendel

Dersom du mottek fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt og formue. Dersom du har ei årleg bruttoinntekt på under 100 000 kroner, skal du heller ikkje betale eigendel.

I saker med fritt rettsråd er eigendelen éin gong den offentlege salærsatsen (som per januar 2018 er 1020 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks åtte gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen. 

Fri rettshjelp i utlandet

Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Vis meir


03.07.2017

Endringar i rettshjelpslova

Det er vedteke endringar i lov 13.juni 1980 nr.35 om fri rettshjelp frå 1.juli 2017.


01.06.2017

Sakshandsamingstid søknad om fri rettshjelp

Fylkesmannen har for tida 5 månaders sakshandsamingstid på søknader om fri rettshjelp. Dette på grunn av ei stor mengd med saker, og ressurssituasjonen.


13.03.2017

Fri rettshjelp – raskare saksbehandling – elektronisk salæroppgåve

Til advokatar og rettshjelparar har Fylkesmannen i Sogn- og Fjordane laga eit informasjonsskriv om elektronisk skjemaløysing.


03.03.2017

Nytt rundskriv om fri rettshjelp

Staten sivilrettsforvaltning sitt rundskriv 1/2017 om fri rettshjelp framstiller hovudreglane i rettshjelplova. Det omtaler også gjeldande praksis på sentrale område.


04.01.2017

Ny salærsats for advokatar mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatsar for medisinsk sakkunnige

Frå Statens sivilrettsforvaltning har Fylkesmannen i Rogaland fått melding om at det er tre endringar på salærfeltet som tre i kraft 1. januar 2017.

 


08.12.2016

Informasjon om tolkeløysinga for advokat

No kan tolkar sende inn krav som er knytt til fritt rettsråd elektronisk


14.07.2016

Fri rettshjelp: Fylkesmannen skeptisk til lovendringar

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring fleire forslag til endring av lovverket som regulerer høvet til fri rettshjelp. Fylkesmannen i Rogaland har innvendingar mot fleire av forslaga.


06.05.2016

Bruk av tolk og betaling av tolkeoppdrag

På bakgrunn av spørsmål frå enkelte fylkesmannsembete og advokatar kan det synast som om det er ei viss uvisse knytt til bruk av tolk og betaling av tolkeoppdrag i rettshjelpssaker. Vi finn derfor grunn til å gi ei nærmare forklaring for dei reglane som gjeld på dette området, medrekna reglane om attestasjon, reisefråvær og innlevering av tolken si arbeidsoppgåve

Sjå vedlegg til høgre for meir informasjon:


28.04.2016

Viktig melding til private tolkar

Frå 01.01.2016 blei Fylkesmannen i Rogaland nøydd til å endre på rutinane sine for utbetaling av godtgjering. Alle eksterne må registrerast i Portalen. Dei får godtgjersla si ved å bruke «Selvbetjeningsportalen». For å få tilgang må FM få inn ein del opplysningar, som etternamn, fornamn, fødselsnummer, bankkontonr, og e-post. Når vedkomande er blitt registrert, etter nokre dagar, loggar han/ho seg inn i DFØ-portalen med elektronisk ID.
Dette gjeld alle private tolkar (ikkje næringsdrivande med org.nr.).


11.02.2016

Ny salærsats for advokatar

Ny salærsats for advokatar mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatsar for medisinsk sakkunnige


Fleire nyhende