Barnehage

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Vis meir


11.07.2018

Får minoritetsspråklege barn i barnehagen hjelp til å lære seg norsk?

Få kommunar nemner spesialpedagogisk hjelp når dei skal gi døme på tiltak som blir sette i verk for å betre norskkunnskapen til minoritetsspråklege barnehagebarn. 55 % prosent svarar nei på spørsmålet om dei har fatta vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Det kan virke som om det er uklart for både PPT og kommunane kva som må til for at barn skal ha rett på spesialpedagogisk hjelp når det gjeld tiltak for å styrkje norskferdigheitene. Dette syner ei undersøking som Fylkesmannen har gjennomført.

19.06.2018

Ny bemanningsnorm i barnehagen

Det skal vere ein tilsett per tre barn når barna er under tre år og ein tilsett per seks barn når barna er over tre år. Barn skal reknast for å være over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.

10.04.2018

Skjerpa pedagognorm i barnehagen

Den pedagogisk bemanninga i barnehagar er fastsett i forskrift om pedagogisk bemanning § 1. Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Då skal det vere minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under tre år, og minst ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år.

10.09.2018

Politiattest i barnehagen

Alle som blir tilsette i barnehagen skal levere politiattest. Personar som jobbar mindre enn 14 dagar i barnehage må også levere politiattest.

22.03.2018

Alle barnehagar skal synleggjere samisk kultur

Den nye rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagane har tydelege krav til kva som blir forventa av barnehagane. I barnehagen skal samiske barn få hjelp til å behalde og utvikle språket sitt, kunnskapen og kulturen sin, uavhengig av kvar i landet dei bur. Kommunar med samiske barnehagar og barnehagar med samiske avdelingar, har eit særleg ansvar i tillegg til dei kommunane som har barnehagar med samiske barn, jf. bhgl. § 8, tredje ledd.

21.03.2018

Kompetansemidlar til ikkje - kommunale barnehageeigarar 2018

Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vidareføre eit nasjonalt prøveprosjekt med kompetansemidlar til ikkje-kommunale barnehageeigarar som ønskjer å auke tilsette sin kompetanse i barnehagar på tvers av kommunegrenser. Søknadsfrist er 4. mai 2018

02.03.2018

Påminning om nettkurs om barnehage og mobbing

Nettkurset har som føremål å utvikla kompetansen i barnehagar, hos barnehageeigar og barnehagemynde, slik at plikta barnehagen har til å ta i vare barna sine behov for omsorg, trivsel og oppleving av å bli inkludert, blir ivaretatt. Gjennom kurset vidareutviklar deltakarane både individuell kompetanse og barnehagen sin kollektive kompetanse.

19.02.2018

Webinar for barnehagar

Eit Webinar er eit opptak av gode førelesingar som kan sjåast når det høver best. Opptaka kan vere til inspirasjon for barnehagane sitt arbeid med ny Rammeplan.

27.11.2017

Ståstadsanalyse for barnehagar

Ståstadsanalysen hjelper barnehagane å gjennomføre ei kvalitetsvurdering for å finne fram til mål og tiltak som skal prioriterast i det vidare pedagogiske arbeidet.

08.11.2017

Kan fleire små barnehagar slåast saman til ein stor?

Fleire små barnehagar kan unntaksvis organiserast saman som ei verksemd med ein styrar, til dømes der det er vanskeleg å få kvalifisert personale. Dette er meint som ein snever unntaksregel.