Mekling kommuneplan Sola – forslag til løysing på det meste

18 saker var meklingstema 11. august. Mekling om kommuneplan Sola 2015-2026 ga forslag til løysing på dei fleste sakene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.08.2015

Mekling i plansaker er nødvendig når kommunen og regionale styresmakter ikkje blir samde gjennom ordinær høyring og etterfølgjande drøfting av planen. Mykje i kommuneplanen for Sola er det lokal og regional semje om. Saker som går til mekling er naturleg nok dei med flest kryssande interesser, og der lokale ønskje er i strid med nasjonale og viktig regionale interesser.

Kvifor blei det mekling?

Ein del forslag til arealbruk frå Sola kommune utfordrar viktige avklaringar i Regionalplan Jæren for byutvikling, landbruk og miljø, og andre nasjonale og viktige regionale interesser. 

Mykje blei løyst

Nye bustadområde som utfordrar langsiktig grense landbruk i Regionalplan Jæren, og småbåthamner i område med viktige natur- og verneinteresser, førte til ei krevjande mekling. Det blei løysing på viktige saker for kommunen som til dømes råstoffutvinning på Røyneberg (Norstone), vel 20 dekar bustadområde ved Ølberg hamn, føresegn om handel og avgrensa område/anlegg for brettsegling, kajakk m.m. i Sømmevågen.

Resultatet av meklinga skal opp i Sola kommunestyre for endeleg behandling.

Desse motsegnene frå Fylkesmannen (FM) og fylkeskommunen (FK) var tema for meklinga:

  • Bustadområde 27 Ølberg hamn – FM/FK
  • Bustadområde 105-3 Røyneberg – FM/FK
  • Bustadområde 105-5 Joa – FM/FK
  • Bustadområde 126 Tjelta – FM/FK
  • Bustadområde 46 Kolnes sør – FM/FK
  • Bustadområde 49 Sømme – FM
  • Massedeponi 108-2 Hogstad – FM
  • Massedeponi 108-1 Ølberg – FM/FK
  • Massedeponi 108-7 Tjelta – FM/FK
  • Næringsområde 169 Joavegen – FK
  • Næringsområde165 Solastranden gård – FM
  • Råstoffutvinning 160 Røyneberg – FM
  • Småbåthamn 172h sør for Hestholmen – FM
  • Småbåthamn 172i Sømmevågen – FM
  • Føresegn 9.1 og 9.2; garasjestorleik i LNF – FM
  • Føresegn 3.6.3.2; parkering på Forus – FM
  • Føresegn 5.2.1; handel utanfor senterområde – FM
  • Føresegn 9; tekniske anlegg m.m. i LNF – FM

Meklingsprotokollen finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.