Fylkesmannen ga kommunen medhald i Money Talks saka

Fylkesmannen i Rogaland har gitt Sandnes kommune medhald i at dei kan nekte Money Talks skjenkjeløyve til eit driftskonsept med stripping og topplaus servering. Klaga på vedtaket i kommunen frå Money Talks, er derfor ikkje teken til følgje. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2013

Fylkesmannen skal i slike saker berre vurdere om kommunen har gjort eit lovleg vedtak eller ei. (lovlegkontroll) Vi skal ikkje overprøve kommunen si skjønnsmessige vurdering, dvs. vi vurderer ikkje om vi er einig eller ueinig i vedtaket.

I denne saka har Sandnes nekta skjenkjeløyve grunngitt i ei rekkje forhold: 

  • Kommunen meiner at Money Talks sitt driftskonsept er i motstrid til den profilen og det omdømmet kommunen ønskjer å profilere seg med. Dei meiner at slik drift ikkje er ønskjeleg, korkje av omsyn til næringslivet, eller nærmiljøet.
  • Det vil vere i strid med den likestillingsprofilen Sandnes ønskjer å ha.
  • Det vil vere uheldig for barn og unge si oppleving av bylivet.
  • Kommunen vektlegg også fråsegner frå politiet om at dei generelt ikkje tilrår slike konsept ut frå politi- og ordensmessige omsyn, sjølv om ein vil presisere at det ikkje er mistanke om at det er noko kriminelt knytt til verksemda i Money Talks.

Fylkesmannen meiner at alt dette er omsyn som kommunen har lov til å vektleggje ved vurderinga av om ein skal gi skjenkjeløyve eller ei. Vedtaket er derfor lovleg fatta.

Fylkesmannen har også vurdert om vedtaket i denne saka er usakleg forskjellsbehandling sidan søkjar tidligare har fått skjenkjeløyve til tilsvarande konsept. Til det er å seie at kommunane har høve til å endre alkoholpolitisk praksis. Vedtaket er derfor ikkje usakleg forskjellsbehandling, så lenge dette avslaget er i tråd med ei generell endring av praksis.

Fylkesmannen tilrår likevel kommunen å oppdatere gjeldande skjenkjeføresegner i tråd med endra praksis, slik at næringa lettare kan tilpasse seg skjenkjepolitikken.

Heile Fylkesmannen sitt vedtak finn du i høgre spalte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.