Søknad om nytt avfallsanlegg på Soma


Høyringsfrist 05. september 2019 00:00

Stangeland Gruppen AS søkjer om løyve etter forureiningslova §11, jf. §16 til å etablere eit avfallssorteringsanlegg på gnr/bnr 65/114 på Soma i Sandnes kommune.

Stangeland Gruppen AS søkjer om å ta i mot, sortere og mellomlagre mellom anna desse avfallsfraksjonane:

  • Rivingsavfall
  • Restavfall
  • Farleg avfall
  • Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall)

Det er søkt om eit årleg mottak på ca 70 000 tonn. Det er gjort vurderingar av støy og brannrisiko i søknaden.

Høyringsbrev og søknad er lagt ut til offentleg ettersyn i dokumentlenkjene til denne nettsaka. Merknader kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 5. september 2019.