Atomberedskap

Fylkesmannen skal koordinere den regionale atomulukkeberedskapen og bidra til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulukke. Statens strålevern er fagstyresmakt for strålevern og atomberedskap.


Atomberedskapsorganisasjonen er oppretta for å stille ekspertise til rådvelde for å handtere atomhendingar, og for å sørge for hurtig iverksetting av tiltak for å beskytte liv, helse, miljø og andre viktige samfunnsinteresser. Arbeidet er forankra i Kgl. res av 23.08.13.

Alle fylker har eit atomberedskapsutval (ABU), og utvalet vert leia av fylkesmannen. Gjennom Atomberedskapsutvalet skal fylkesmannen sjå til at vedtekne tiltak vert gjennomført i fylket, og samordne dei ulike fagorgana sin innsats for å redusere skadeverknadene av ei ulukke med radioaktivt materiale.

Samarbeid med kommunane er viktig, både når det gjeld iverksetjing av tiltak og formidling av informasjon til publikum.

Plangrunnlag for den kommunale atomberedskapen
Statens strålevern har i samarbeid med fylkesmennene utarbeidd eit plangrunnlag for kommunal atomberedskap. Målsettinga med dokumentet er å gi kommunane eit grunnlag for å integrere atomberedskap i dei kommunale kriseplanane.

Meir informasjon finst på Statens strålevern sine nettsider om atomberedskap.

Kontaktpersonar