Ordførardag 12. november 2015

 


Fagseminar om ordførarrolla i beredskap og krisehandtering.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2015


14. september er det kommunestyreval, og i vekene som følgjer blir det kvart kven som blir ordførarar dei neste fire åra. Kort tid etter arrangerer fylkesmannen eit fagseminar om ordførarrolla i beredskap og krisehandtering. Det blir føredrag, kanskje nokre praktiske oppgåver med mikrofon og kamera framfor nasen, men mest av alt blir det erfaringsdeling frå ordførarar som ahr vore ute våte haustkveldar og mørke vinternetter før.

Målgruppa er nyvalde og attvalde ordførarar og varaordførarar. Ofte er det nettopp varaordføraren som må hive seg rundt den dagen noko skjer.

Nærare informasjon kjem etter kvart.