Psykisk helse og rus

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar , skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med foresatte som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Fylkesmannen følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Fylkesmannen er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


01.03.2019

Vellukka tilskotsordning

Ordninga med tilskot til "Psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene" er ein suksess. – Dette er veldig gledeleg og viser at tilskotsordninga treffer eit behov i kommunane, seiar avdelingsdirektør Mette Garvoll i Helsedirektoratet.

12.12.2017

Fleire psykologar i kommunane

Tilskotordninga med mål om å tilsette fleire psykologar i kommunane er no lyst ut for 2018.

16.01.2017

Tilskot til kommunalt rusarbeid

Tilskot til kommunalt rusarbeid har som mål å gi auka og varig vekst i kapasiteten i kommunen sine tenester til menneske med rusmiddelrelaterte problem. Dei skal sikrast et heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

03.01.2017

Tilskot til rekruttering av «Psykologer i de kommunale helse – og omsorgstjenestene» for 2017

I 2020 blir det lovkrav om psykologkompetanse i kommunane. Tilskotsordninga ermeint som eit bidrag for å hjelpe kommunane i rekrutteringa av psykologar før lovkravetblir innført.

15.11.2016

Forskrift om rettar og tvang i rusinstitusjon

1. november 2016 kom det ny forskrift om rettar og bruk av tvang ved opphald i institusjon for behandling, omsorg og rehabilitering av personar med rusmiddelproblem.

11.11.2016

Pasient eller arbeidstakar? Både òg?

Molde IPS er ein av åtte pilotar i Norge som jobbar med Individuell jobbstøtte; IPS (Individual Placement and Support) – eit målretta samarbeid som forpliktar.

30.05.2016

Ein aktiv og meiningsfylt kvardag for alle

Det var temaet på nettverkssamlinga i Geiranger, der nærare 180 personar somarbeider innanfor psykisk helse- og rusfeltet i Møre og Romsdal, var samla 24.-26. mai.

25.04.2014

Samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse tema på nettverksamling

Integrerte tjenester og integrerte behandlingsrelasjoner var den røde tråden gjennom to dager når 180 ansatte fra kommune og spesialisthelsetjenesten og pårørende og brukerorganisasjoner deltok på nettverket «Samhandling - som ringr i vatn"23-24 april. Denne gangen var hovedtemaet anbefalingene i ROP retningslinjen og implementering av den i helsetjenestene. Fylkesmannen og Kompetansesenter rus – Midt-Norge og Nasjonal Kompetansetjeneste for samtidig ruslidelser og psykiske lidelser hadde satt sammen programmet for de to dagene.