Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet

Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet blei vedtatt i Stortinget 14. desember 2018 og trådde er i kraft 1. januar 2019. Endringane gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet.

Følgande paragarafar er endra §§ 29, 30, 32, 34, 35, 36, 37 og 38. Kort om endringane:

  • Den nedre aldersgrensa for deltaking i kvalifiseringsprogrammet er endra frå 19 til 18 år.
  • Det er gjort ei språkleg endring i lova for å tydeleggjere at kommunens lovfesta moglegheit til å avslå søknad om kvalifiseringsprogram fordi NAV-kontoret ikkje har moglegheit til å tilby program, berre er meint for unntakstilfelle.
  • Den tidlegare avgrensingane for varigheit er endra slik at program gis så lenge deltakaren oppfyller inngangsvilkåra, men likevel ikkje lenger enn to år. Programmet kan unntaksvis forlengast med inntil eit år når særlege grunner taler for det.
  • Det er ikkje lenger avgrensingar for kor mange gonger ein person kan delta i kvalifiseringsprogrammet, så lenge inngangsvilkåra er oppfylt.
  • Det er ikkje lenger avgrensingar for kor mange gonger ein person kan tas inn igjen i et midlertidig avbrutt program.
  • Det åpnas for fråvær utan kvalifiseringsstønad, slik at det gis meir rom for fleksibilitet med omsyn til f.eks. arbeidsutprøving, gjennomføring av kortare straff i fengsel og omsorg for barn.
  • Moglegheitene for å gjennomføre utdanning, opplæring og læretid innanfor kvalifiseringsprogrammet utvidast.

Arbeids- og velferdsdirektoratet jobbar med å revidere rundskriv til sosialtenestelova og dette vil antakeleg bli publisert i månadsskiftet januar/februar 2019.