Rett til gratis tannhelse

Dei som har regelmessig heimesjukepleie har rett på gratis tannhelseteneste. Det gjeld også om hjelpa vert gitt i ei BPA-ordning.

Dei som hadde vedtak om heimesjukepleie, fekk gratis tannhelsetenester. Mange av desse har no fått tilbodet sitt samla i ei BPA-ordning i staden. Om BPA-vedtaket ikkje visar at det også vert gitt noko helsehjelp (heimesjukepleie) etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 nr. 6 bokstav a, vil ikkje fylkeskommunen dekke tannhelsetenestene. Det er difor viktig å kontrollere vedtaket og eventuelt be om ei korrigering om det gjeld deg.