Omsorgsprisen 2013 blei tildelt Nesset kommune for " Aktive seniorer i Nesset"

Ved oppstart av Omsorgsplan 2015 i Møre og Romsdal blei det beslutta å dele ut ein pris for godt utviklingsarbeid kvart år i planperioden fra 2007 til og med 2014

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2013

På bildet ser vi representantar frå Nesset kommune Liv Husby, rådmann, Rolf Hurlen, ordførar, Jan Karsten Schjølberg og Mari Husan ,ergoterapeut/folkehelsekoordinator.

Fylkesmannens omsorgspris går til ein kommune eller ei kommunal tenesteeining for eit spesielt arbeid eller tiltak som har ført til betre omsorgstenester for brukarane.

"Årets prisvinnar har lagt stor vekt på systematisk førebyggande arbeid både på system- og individnivå. Kommunen har auka satsing på helsefremjande og førebyggande tiltak, og har sett fokus på det friske og det brukaren sjølv meistrar. Det er og sett fokus på tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid, med høg grad av brukarmedverknad. Det er eit godt døme på samarbeid mellom frivillige, kultur og omsorg, og kommunen har eit innovativt arbeid innan folkehelse og førebygging i tenestene. Dette er eit godt døme for andre kommunar i Møre og Romsdal.»

Prosjektet er et samarbeid mellom ergoterapi-, fysioterapi- og heimetenesta, samt aktivitetstenesta og feiaren i Nesset. Arbeidet har mellom anna gått ut på at alle innbyggarane over 65 år, som har ønska det, har fått førebyggande heimebesøk, trimgruppe i regi av fysioterapitenesta og det er laga  ei brosjyre om tenestetilbodet i pleie og omsorg.